Dette bør du vite om pengespel

Pengespel er underhaldning for dei fleste, men kan også føre til problem for mange.

Det er tre ting som må vere oppfylt for at du kan kalle spel for pengespel:

  1. Du må betale for å delta.
  2. For å avgjere kven som vinn, må trekninga dessutan vere heilt eller delvis tilfeldig.
  3. Du må også kunne vinne ein gevinst.

Dersom du ikkje betaler noko for å delta i ei trekning, er det ikkje eit pengespel. Det er heller ikkje eit pengespel om det er kunnskap om eitt eller fleire emner som avgjer kven som vinn.

Prøv vår Kahoot-Quiz og sjå kor mykje du veit om pengespel.

Pengepel som er lovlege i Norge

Alle spela som Norsk Tipping tilbyr er lovlege – alt frå oddsspel på fotballkampar til Lotto og kasinospel på nett. Norsk Rikstoto har lov til å tilby spel på hest (totalisatorspel) på galopp- og travbaner.

Det blir også gitt løyve til å arrangere store og små lotteri dersom pengane frå lotteria går til eit godkjent formål. I tillegg mottar frivillige lag og organisasjonar overskot frå mange bingohallar i Norge. Det er dessutan fritt fram for folk flest å arrangere basar til inntekt for gode formål.

I 2016 satsa nordmenn 40,7 milliardar kroner på lovlege pengespel i Norge. Mykje av dette vart betalt tilbake i gevinstar, men spelarane tapte milliardar av kroner på desse spela.

Ulovlege pengespel i Norge

Ei rekke utenlandske spelselskap tilbyr pengespel til nordmenn på nett. Desse selskapa har hverken løyve til å arrangere pengespel eller lov til å marknadsføre seg i Norge. Selskapa tilbyr spel på alt frå poker til kasinospel og oddsspell på norske fotballkampar. Fordi selskapa ikkje har løyve til å operere i den norske marknaden, er slike spel i dag ulovlege.

Mange nordmenn trur likevel desse spela er lovlege. Det skyldes blant anna at dei utanlandske selskapa sender svært mykje reklame rett inn i norske heimar via TV-kanalar som sender frå utlandet. I snitt sender dei 62 reklamefilmar i døgnet på TV retta mot nordmenn. I tillegg har dei nettsider på norsk og gir seg ut for å vere lovlege, norske selskap.

Her finn du ei liste over dei største pengespelselskapa uten løyve i Norge.

Du må vere 18 år for å spele

Pengespel skal vere eit tilbod til vaksne i Norge. Derfor er det 18-års aldersgrense på alle pengespel. I Norsk Tipping sine spel blir aldersgrensa kontrollert gjennom eit spelarkort, som alle må ha. I andre spel er det arrangøren av spelet som er ansvarleg for å kontrollere at unge under 18 år ikkje deltar, blant anna hestespel og bingo.

Ved sal av lodd brukar arrangørane ofte ungdommar. Det er ikkje 18 års aldersgrense på lotteri der det er låg sjanse for å bli avhengig eller tape mykjee pengar, men du må være 15 år for å selge lodd i eit lotteri.

Norge satsar på ansvarlege spel

Norske myndigheiter satsar mykje på at pengespel i Norge skal vere ansvarlege slik at spelarar ikkje utviklar speleproblem. Det er innført ei rekke tiltak som gjer norske pengespel ansvarlege. I ein del spel, for eksempel hos Norsk Tipping og Norsk Rikstoto, må du sette dine eigne tapsgrenser før du kan starte å spele. Mange spel har også grenser for kor mykje du kan satse over ein periode, og du kan ekskludere deg frå å spele vidare om du ønskjer det.

Myndigheitene passar på at nettspela og spelreklamen til Norsk Tipping og Norsk Rikstoto ikkje blir for aggressiv eller villeiande. Dei passar på at du ikkje kan tape meir enn 10 000 kroner i månaden på dei mest vanedannande nettspelae. I tillegg passar dei på at Norsk Tipping og Norsk Rikstoto ragerer med hjelpetiltak dersom spelarane får problem med spel.

Her ender overskotet frå pengespill

Overskotet frå lovlege norske pengespel og lotteri går til drift av tusenvis av frivillige lag og organisasjonar over heile landet, for eksempel ditt lokale idrettslag. Ein del går også til store organisasjonar som gjer ein viktig jobb i samfunnet. Røde Kors og Redningsselskapet er eksempler på det. Idrett er den sektoren som får mest pengar fra norske pengespel. I 2016 fekk norsk idrett nærare tre milliarder kroner frå overskotet i pengespel. I tillegg fekk kulturformål over ein milliard kroner, mens både hestesporten og helseformål begge fekk over ein halv milliard kroner.

Så store er vinnersjansane dine

Dei aller fleste taper pengar på pengespel fordi det er mykje vanskelegere å vinne enn mange trur. Spør deg sjølv kor sannsynleg det er at du vinn? Triller du for eksempel ein terning ein gang er det 16,67 prosent sjanse for at du får ein seksar. Speøar du ei rekke i Lotto er sjansen for at du får sju rette 0,00000019 prosent. Drømmegevinsten vil difor for dei fleste vere ein draum.

I nokon spel, for eksempel fotballtipping, poker og hesteveddeløp, kan kunnskap spele ei viss rolle. Likevel er det så vanskeleg å vinne at det er ytterst få som kan leve av å spele pengespel. Pengespel er difor ikkje ein god måte å tene penger på.

Du kan bli avhengig av pengespel

Ein del spelarar blir avhengige av pengespel. Då er det store sjansar for at desse spelarane bruker så mykje pengar at det går ut over privat økonomi, familie og utdanning. I Norge er det for tida ca. 22 000 personar som har utvikla så store speleproblem at vi kan kalle dei spelavhengige. Dette talet har di siste åra heldigvis ikkje auka, og det skyldes at det har vore jobba målbevisst for å gjere pengespel meir ansvarlege. Det er også ei gruppe på ca. 400 000 personar som spelar slik at det er fare for at dei kan utvikle speleproblem. Difor er det viktig at vi ikkje har farlege pengespel.

Ler meir om speleproblem på Hjelpelinjen sin nettside.

Desse spela er farligast

Nokon spel skaper lettare speleproblem enn andre. Farligast er dei pengespela som er raske, det vil seie at det går kort tid frå du spelar til du får svar på korleis det gikk. Nettpoker, kasinospel, skrapelodd og liveodds er eksempel på slike spel.

Tilgjengeligheit spelar også ein rolle for om spel kan føre til speleproblem. Jo lettere det er å spele, jo lettere er det å få problem med spel. Stadig meir av spelinga skjer digitalt og i stor grad på mobiltelefon og nettbrett, og dette har gjort det farlegare. Dei som lagar spela, er også gode på å få deg til å tru at du nesten van toppgevinsten. På denne måten blir du frista til å spele meir.
I ein del spel, for eksempel Lotto, kan det gå dagar frå du spelar til resultatet av trekninga blir klart. Difor er det få som utviklar speleproblem av denne typen spel.

Lotteritilsynet kategoriserar kasinospel som spelet med høgast risiko for speleproblem. Dette kan for eksempel vere pengespelutomatar som du finn i bensinstasjonar og restaurantar, men og automatar i bingohallar. Du finn også speleautomatar på nett. I Norge er det kun Norsk Tipping som har lov å tilby kasinospel. Desse spela er underlagt streng kontroll og alle spelarane må sette tapsgrenser.